søndag 30. desember 2007

laurdag 8. desember 2007

Heklekjolen ferdig

Då var eg ferdig med julepresangen til Julie. Har hekla ein kjole som eg håpar passar til henne. Gløymde så klart å ta bilete av kjolen før eg pakka han inn, men fann bilete av han på Sandnes garn sine nettsider (kjolen i raudt med striper i fleire fargar):

måndag 12. november 2007

Bursdagsgåva til svigermor


Er ei stund sidan svigermor hadde bursdag, men her er i alle fall eit bilete av duken eg hekla til henne:

(Ikkje noko godt bilete, men...)

Bilete av rommet mitt er snart på veg, må bare rydde litt meir først...

torsdag 1. november 2007

fredag 19. oktober 2007

På båttur!

Utsikten frå båten, teke gjennom glaset...


No sit eg på hurtigbåten på veg "heim" til Jøsenfjorden. Må bare seie at trådlaust nettverk er genialt!
Kjenner at det var godt med helg nå, har vore ei slitsom veke. Burde ha vore utkvilt etter ferien, men nei...

Rommet mitt er ferdig! Fekk rydda på plass dei siste bøkene i går kveld. Fekk ikkje plassere skrivepult og bokkhyller heilt som eg hadde planlagt, men likte det i grunnen betre slik eg fekk det no. Så no har eg i overkant av 10 kvadratmeter nyoppussa rom som er berre mitt! Mannen har og sitt eige rom, og godt er det. Me har funne ut at me har utruleg mange ting; han med si store platesamling og eg mine mange bøker og hobbyting. Tenk om me måtte hatt alt i stoga!!!

Har ikkje fått teke bilete av rommet mitt ennå, men det kjem!

Har forresten blitt litt vinter her i Stavanger dei siste dagane. Temperaturen kryp stadig nedover, og i dag måtte eg fram med skjerf og hanskar. Det gjer ingenting, det er rett og slett herleg! Hausten er på mange måtar favorittårstida mi, særleg når veret er så fint som det har vore den siste tida. Aldri er lufta så klare og fargane så intense. Og når det regnar og stormar som verst, kva er vel betre enn å sitje inne, fyre i omnen, tenne eit stearinljos, krype under eit pledd og hekle medan ein ser ein god film på fjernsynet?




laurdag 13. oktober 2007

Spent!

Då var eg så godt som ferdig med det som skal malast på rommet mitt. Har bare ein dørkarm igjen, men den kan vente!

Så nå er det klart for å leggje laminat på golvet. Er litt spent, har aldri gjort det før! Er heldigvis ingen krikar og krokar som gjer det vansklegare, bare 4 rette hjørne. Skal bli ferdig med golvet i dag, gler meg til å vise resultatet til min kjære Tom når han kjem heim frå arbeid seint i kveld.

Er forresten kjempegodt fornøgd med grønfargen eg plukka ut til å ha på vegg nr 4. Skal leggje ut bilete av rommet mitt når alt er ferdig.

fredag 12. oktober 2007

Eg har fått blogg!

Då har eg og fått meg min eigen blogg! Kjekt å ha, er det ikkje det det heiter?
Har egentlig berre ein liten pause frå maling. Held nemleg på å pusse opp rommet mitt! Fekk endeleg ut varmtvannsberedaren som har stått på kontoret/hobbyrommet mitt, så nå skal det leggjast nytt laminatgolv og malast på veggene. Fekk brukt opp litt rester av maling i fargen Lys Toscana på tre av veggene og på skråtaket. Den siste veggen vil eg male i fargen Frisk. Det må vel friske opp litt...
Er vel bare å komme seg opp og fortsetje!