Viser innlegg med etiketten LO. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten LO. Vis alle innlegg

laurdag 3. januar 2009

Ryddig rom = kreativitet

Med nyrydda rom er det bare ein ting å gjere; skynde seg å bruke det før det blir rotete igjen... I dag har eg vore skikkelig i scrappehumør, har laga 3 LOar. To av dei er til konurransar på scrapping.no, så dei kan eg ikkje leggje ut før konkurransane er ferdige.

Den tredje LOen eg laga i dag er første side i BOM (boka om meg). Har tenkt ei stund på å lage BOM, og i dag hoppa eg i det. Til nå har eg stort sett berre scrappa 12x12, men i dag bestemte eg meg for at boka om meg skal scrappast i liggjande lettersize-format. Spennande format!

Her er i allefall første sida:


laurdag 8. november 2008

Papirfest-LOar

Her er 3 av LOane eg laga på Papirfesten sist helg:








søndag 17. februar 2008

Svigermor

Dette fargerike biletet av svigermor måtte få sin eigen LO.
Posted by Picasa

Hadet på badet!

Her har eg scrappa bilete av Mette i badekaret me hadde då me budde på Hundvåg.
Posted by Picasa

Bryllupsscrapp!


Denne laga eg og på kurset i januar. Måtte jo ha ein LO med bryllupsbiletet på! Den flotte kaka baka tante Bjørg til bryllupet, medan pyntinga er det Jofrid som har stått for. Kaka var så fin at ingen torde å ta det første stykket!
Posted by Picasa

Nytt kurs



I januar var eg på nytt kurs på Scrappejungelen. Då fekk me utdelt ferdige materialpakkar som me skulle bruke til LO'en. Passa kanskje ikkje så veldig godt med rosa hjarter til fjosbileta, men fargen passa jo eigentleg godt til veggane!
Posted by Picasa

Scrapbooking saman med Mette

Denne LO'en scrappa eg saman med Mette då ho var på besøk hjå oss i romjula.
Posted by Picasa

Scrapbooking




Eg har begynt med scrapbooking! Denne LO'en laga eg då eg var med på eit nybyrjarkurs på Scrappejungelen i haust. Fekk god hjelp av kursleiaren, og vart godt nøgd med resultatet!
Posted by Picasa