Med nyrydda rom er det bare ein ting å gjere; skynde seg å bruke det før det blir rotete igjen... I dag har eg vore skikkelig i scrappehumør, har laga 3 LOar. To av dei er til konurransar på scrapping.no, så dei kan eg ikkje leggje ut før konkurransane er ferdige.
Den tredje LOen eg laga i dag er første side i BOM (boka om meg). Har tenkt ei stund på å lage BOM, og i dag hoppa eg i det. Til nå har eg stort sett berre scrappa 12x12, men i dag bestemte eg meg for at boka om meg skal scrappast i liggjande lettersize-format. Spennande format!
Her er i allefall første sida: