fredag 19. oktober 2007

På båttur!

Utsikten frå båten, teke gjennom glaset...


No sit eg på hurtigbåten på veg "heim" til Jøsenfjorden. Må bare seie at trådlaust nettverk er genialt!
Kjenner at det var godt med helg nå, har vore ei slitsom veke. Burde ha vore utkvilt etter ferien, men nei...

Rommet mitt er ferdig! Fekk rydda på plass dei siste bøkene i går kveld. Fekk ikkje plassere skrivepult og bokkhyller heilt som eg hadde planlagt, men likte det i grunnen betre slik eg fekk det no. Så no har eg i overkant av 10 kvadratmeter nyoppussa rom som er berre mitt! Mannen har og sitt eige rom, og godt er det. Me har funne ut at me har utruleg mange ting; han med si store platesamling og eg mine mange bøker og hobbyting. Tenk om me måtte hatt alt i stoga!!!

Har ikkje fått teke bilete av rommet mitt ennå, men det kjem!

Har forresten blitt litt vinter her i Stavanger dei siste dagane. Temperaturen kryp stadig nedover, og i dag måtte eg fram med skjerf og hanskar. Det gjer ingenting, det er rett og slett herleg! Hausten er på mange måtar favorittårstida mi, særleg når veret er så fint som det har vore den siste tida. Aldri er lufta så klare og fargane så intense. Og når det regnar og stormar som verst, kva er vel betre enn å sitje inne, fyre i omnen, tenne eit stearinljos, krype under eit pledd og hekle medan ein ser ein god film på fjernsynet?




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar